Sigrid sin blogg -
Forside Add meg Om meg Kontakt

BLÆÆÆ!! Koffor??



I dag har vore ein heilt superduper dag! Sola steika som en gloheit varmeovn, og alt er perfekt! No ligger eg her med ein is i handa og kosa meg i solskinet! Det beste med dette er at dette ikkje er den siste dagen som blir slik, det er nemmelig meldt sol og knallfint vèr heile veka! 

Skjekk vèrmeldinga da!! 

Og litt seinare skal eg ned på stranda og storkose meg i bølgene, og ete enda meir is! Kanksje til og med joine noken i volleyball (sjølom eg suger i det), men det blir nok kjekt uannsett! 

 

MEN EGENTLIG:

Dagen har vore superkjedelig og grå! Kulda og regnet  trenge seg innpå frå dei stygge grå skyene på himmelen som eigentlig skulle vert blå! Eg sitter her og ser på han Håvard som spela fotballspel på play station og ho Marit som masa om å få dataen tilbake, samtidig som eg berre er her liksom.. har ingenting å gjer på! 

Og skjekk den sure vèrmeldinga for Volda!! :

OFF sei eg! 

Men eg har to ting å sjå fram til i dag da! For det første sååå...


... skal eg snart vere med Martine! Lenge sida eg har sett ho no <3


For det andre så...


... skal eg på kino og sjå eclipse i dag! Eg har bestillt bilettar til både meg, Martine, Amanda og Rebekka, så det blir skikkelig kos <3

 

Men uannsett. Eg HATA surt vèr! Det er så kjedelig dei dagane, og eg blir berre trøtt fordi alt er så grått og kjedelig.

Fleir som skal sjå Eclipse i dag? Og fleir som hata surt vèr?

 

-Sigrid 


Minna på konkurransa eg har! Klikk HER viss du vil bli med!

  • Stikkord:

    GJETT KA...!



    ...EJ FANN IPODEN MIN<3 Den har vore borte i over ei veke no! Eg lagde mykje oppstyr her for å finne den, og alle begynnte å springe rundt for å leite etter den, og berre noken sekund etter så fann eg den opp i kameraveska mi! Haha! Så takk til ho Regine som sa ej kunne leite i veska mi, hehe! Var egentlig der eg burde ha leita først! 

    Eg har visst ikkje vokna heilt enda.. såg litt trøtt ut på det bilde ja, hehe! ZzzZzzz..

    Bra eg fann den no da, for i dag kjem pappa og hentar meg, fordi eg må jo vær i Volda heime med Martine og Amanda idag sida det er siste dagen dei er her! Dei skal til Tyrkia uten meg! Jaja, hehe.. eg skal no på telttur med familien da. Vi har fått oss nytt telt med TRE rom! Har ikkje sett det enda, så det blir jo kjekt når den tid kjem!

    Men det buldra nedi magen min no, så då var det tid for frukost! 

    Fleir som skal på telttur/campingtur med familien sin?

    -Sigrid

     

     

     

    Jeg har plassert min blogg i Voldanorske bloggkart!
  • Stikkord:

    KONKURRANSEE!



    Eg har no tenkt å lage ei konkurranse! Eg har aldri laga konkurranse på bloggen før, så vi kan kalle ditte ei amatørkonkurranse da, hehe.

    Har tenkt å gi dåkke noken spørsmål frå dei siste innlegga eg har skrivd, og dei som svara rett skal eg skrive bloggen på på ein lapp og ta oppi ei skål eller noke og trekke 2 heldige vinnara! 

    Premien er at bloggen til dei som vinne blir linka til på dei 5 neste innlegga på bloggen min! 


    SPØRSMÅLA:

    -Ken var det eg fekk smykker av for noken daga sida?                                                                                                              

    -Ken har laga headeren min?

     

    -Kva heiter parfyma eg ønska meg i bursdagsgåve?


    Konkurransa varer til klokka er 23:59 / 00:00 på fredagen.. og eg legger ut et nytt innlegg med dei som vant! Eg linkar til dei på det innlegget òg, men det er ikkje ein del av premien! 

    PS: Du kan finne svara i dei siste innlegga mine! :-)

    NB: Du kan kommentere så mange gangar du vil, men det er berre den siste kommentaren du har skrivd som gjelde!

     

    Eg gjer slik at eg må godkjenne kommentarane slik at folk ikkje kan ta andre sine svar :-)

    Det blir kjekt om alle som har blogg og besøker bloggen min blir med, då blir det ekstra spennande! Lykke til :-)

     

    -Sigrid

     

     

  • Mobilblogg





    Sola poppa plutselig fram, så eg, marit og håvard tenkte at vi skulle bade! Det er Marit som er på bildet, og bak er gården der farmor og farfar bur! Fleir som har bada i dag? :) 

     


    UPDATE:

    Follow my blog with bloglovin

    Eg har visstnok fått meg bloglovin no, hehe! Så no kan dei som vil følge bloggen min der :-) 

     

  • Stikkord:

    Project finding iPod



    Eg ana ikkje kor iPoden min kan ha blitt av! Det er så lenge sida eg har brukt den at eg ikkje huskar kor eg la den frå meg sist! Eg trenge litt musikk no, så derfor BURDE eg snart finne den! Skal heim igjen i morga også, og viss eg ikkje finne den til då.. så er eg fortapt..

    Eg hatar når den skal leike gjømme og leite..! 

     

    Noken forslag til kor den kanskje kan vere? I'm desperate.. please help me!                                                                                                                                                

    -Sigrid

     

  • Ransaking av smykker



    For ei stund sida spurte eg farmor om eg kunne få sjå på smykka og ringane hinna og kanskje få noke viss det var noke ho ikkje brukte. Og no som eg er med ho, så fann vi fram smykkeskrinet! Ho har skikkeleg mange pærlesmykker i forskjellige fargar og størrelsar og fasongar! Ho sa at viss det er noke eg lika så kan eg få det, wii! Så no har eg funne meg fire smykker som eg likte! Kan godt hende at eg finne meg meir, har funne ein ring og som passar som tippoldemora mi? (bestemora til farmor) hadde. Har funne en til ring som var utruleg fin, men den passa ikkje på ringefingeren! den passa på langefingeren da, hehe. Også går eg rundt berre: "Sjå på den nye ringen min daa!" haha. Viss du forsto ka eg meinte! Dåkke trur sikkert at eg har den dårlige humoren no. (Ikkje rart når eg kanskje har det?)

    (Skal legge ut bilde av noken av smykka seinare, har ikkje med meg kabel til å legge inn bilde     :(  ...)


    Fleir som har ransakt smykkeskrinet til bestemora si? (Haha, hørest ut som den forbrytelsen!)

    -Sigrid

  • Stikkord:

    Nattainnlegg<3



    Trur nok eg skal ta natta no og gå og legge meg! Eg, Marit og Håvard sitter ute i stova til farmor og farfar og ser på Dagfinn Lyngbø på dvd, haha! Marit og Håvard sitte og ler seg ihjel! Haha, ler når eg ser at dei ler fordi det er så morsomt... veit ikkje koffor, hehe! Kanskje eg berre er litt for trøtt.

    Eg har funne den perfekte sovesangen... nemmeliiiig :


    Bella's Lullaby - Twilight soundtrack


    Men no sovna eg nesten! God natt, og sov søtt! :-)


    Noken andre som er vokne no?

    -Sigrid

  • Click



    Speletid: 1 time og 43 minutt
    Sjanger: Komedie
    Aldersgrense: 11år
    Regissør: Frank Coraci
    Produksjonsår: 2006



    Handla om den arbeidsnarkomane og bekymra Michael Newman (blir spelt av Adam Sandler) har ikkje tid til kona og barn, fordi han må bruke all tida si på å prøve å imponere sjefen sin for å bli forfremma. Ein dag blir han lei og sur og kjøre seg ein tur til ein butikk. Der møter han Morty (blir spelt av Christopher Walken) som jobbar på butikken. Han veit nøyaktig kva Michael treng for å ordne livet, nemmeleg ein magisk fjernkontroll som gjer det muleg å hurtigspole livet. Men den føre til mange hysteriske situasjonar! Michael spolar og zippar fort gjennomlivet sitt begynne kontrollen å ta over livet hans! KONTROLLEN TAR OVER LIVET HANS og programmera han istadenfor! Kva skjer?

    Denne filmen er ei morsom komedie der han spolar gjennom situasjonar med kona og jobben, men innser etterkvart at det kanskje ikkje var så smart. Filmen har både komiske og triste situasjonar. Det var faktisk ein gang i filmen eg nesten begynte å grine fordi eg syns det var så trist. Eg syns denne filmen hadde mange bra virkemiddel, og den får ein til å tenke på at ein burde ta familie og vennar framfor jobb og stress!

    Eg kan anbefale denne filmen til dei som likar morosame filmar med litt overnaturlige elektriske fjernkontrollar! Eg gir denne filmen terningkast fire! 


    -Sigrid
  • Ny header



    Den store design- og headerfiksedagen i dag! Har fiksa både designet og headeren no!

    Har funne ut korleis eg skal lage til headara i picasa, så derfor har eg såtte og eksprimentert mykje no! Først lagde eg til bilda i et nytt program eg fann meg (kan laste ned gratis på internett) som heitet PhotoFiltre. Etter det så lagde eg ei fotomontasje i Picasa 3,og til slutt la eg inn bildet i paint og gjorde småfiksingar der!

    Her er den nye headeren:


    Ka du syns?

    -Sigrid

  • Nytt design!



    Som dåkke kanskje kan sjå så har eg endeleg fått meg nytt design! Eg har fiksa sånne knappar under headeren slik at det er lettare å berre klikke seg rundt på innlegg på bloggen min! Vart ganske fornøgd! Eg har prøvd å lage det til slik i mange veker no, og endelig klarte eg det! Wii!!

    Ka du syns? :D

    -Sigrid

  • Les mer i arkivet Juni 2012 April 2012 Mars 2012
    Sigrid

    Sigrid

    Ditte er da bloggen min! Ej heite Sigrid, og er ei ganske så positiv jente! Her skrive ej om kvardagen, tanka og masse anna som eg føle for å skrive om :) Ej skrive på dialekt/nynorsk. e-postadressa mi: sigrid.oye.g@hotmail.com

    Kategorier


    Bilder Blogg Filmmelding Fotoshoot Header I HEART IT <3 Konkurranse Litt sakelige innlegg Mat Mobilblogg Musikk My closet Nattainnlegg REISE Skule Sommaren 2010 Sommaren 2011 Spørsmål/Svar Trening Video

    Arkiv


    Juni 2012 April 2012 Mars 2012 Februar 2012 Januar 2012 Oktober 2011 September 2011 Juni 2011 Mai 2011 April 2011 Mars 2011 Februar 2011 Januar 2011 Desember 2010 November 2010 Oktober 2010 September 2010 August 2010 Juli 2010 Juni 2010 Mai 2010 April 2010 November 2009 Oktober 2009

    Siste innlegg


    Supersunne knekkebrød "Gratulerer med bestått teoriprøve" God morgen Ugle 20.04.2012 1 av 7 ferdig! En sånn der dag, du veit. Sommarslig I dag he ej ... Hadebra ferie, hallo kvardag!

    Lenker


    blogg.no

    Design


    Ina Anjuta

    Annonse

    Norske blogger hits